Oppgåve om kjeldebruk, mediehistorie og mediestruktur

oktober 13, 2009

Dei 3 neste vekene har me fått ei relativt stor oppgåve av Albertine. Me skal jobbe med 3 læreplanmål, som er ganske vesentlege for dette skuleåret. Sidan eit av kriteria for å få god karakter, er at ein leverer på eiga hand, gjer eg det. Eg har ein mistanke om at denne oppgåva vil vere krevande, og ta mykje tid. Derfor er eg nødt til å komme raskt igang, målet er å få ferdig ei utgreiing om «hovudtrekk i internasjona mediehistorie» i løpet av veka.

Me har, til forskjell frå andre fag, meget presise oppgåvekriterium.  Dei er til dømes:

»   a) minst tre ulike kilder
b) indirekte sitat, blokksitat og innflettet moment
c) følge regler for kildehenvisning og kildeliste.»

Satsar på at mykje av arbeidet blir tid til på skulen, sjølv om storleiken på oppgåva tilseier at eg også kjem til å bruke mykje tid heime. Startar idag med å sjekke ut biblioteket, det er ein del av pensumet å referere til ei bok.

Håpar dette blir kjekt.

Ole André.

SP- Foto

august 25, 2009

I dag har eg og Marthe fått ei oppgåve hjå medielæraren vår. Me skal komponere/ta eit fotografi, som representerar Senterpartiet som parti. Det blir spanande!!!

Hello world!

august 25, 2009

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!